Bykle gamle kyrkje: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Aslak Vasshus
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder
 
Line 10: Line 10:
*[[Bykle nye kyrkje]]
*[[Bykle nye kyrkje]]


==Kjelde==
==Kjelder==
*Alf Henry Rasmussen: ''Våre kirker''. Norsk kirkeleksikon 1993 ISBN 82-7527-022-7 side 469
*Alf Henry Rasmussen: ''Våre kirker''. Norsk kirkeleksikon 1993 ISBN 82-7527-022-7 side 469
*[[Nils Ellingsgard]], ''[[Norsk rosemåling. Dekorativ måling i folkekunsten]], utgjeve på [[Det Norske Samlaget]], Oslo 1999, side 217





Siste versjonen frå 3. mai 2026 kl. 05:02

Den gamle kyrkja i Bykle
Bykle gamle kyrkje i desember 2011
Foto: Reidar Tveito

Bykle gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1620. Kyrkja vart ombygd i 1804. Innvendig er ho rosemåla, opprinneleg var dette gjort av Aslak A. Vasshus (f. 1788, d. 1860) og Knut Å. Byklum. I 1938 restaurerte Ulvik Hendrisen rosemålinga. Altertavla frå om lag 1650 er tredelt. Motiva er «Kristus som ber korset», «Kristus på korset» og eit englehovud. Preikestolen er i renessansestil frå om lag 1650 med tre maleri. Døypefonten er frå ca. 1600. Kyrkjeklokka er nederlandsk med latinsk inskripsjon: «Er Gud for oss, kven er då imot oss». Klokkaren står midt i kyrkja når han ringer. Kyrkja har eit lite orgel på fire stemmer frå om lag 1990. Messehaglane er frå 1992 og levert av Kirkelig Kulturverksted.

I 1992 var det 34 gudstenester med eit snitt på 79 deltakarar. Nedslagsfeltet til kyrkja hadde 800 innbyggjarar.

Bjørgulv G. Holen var klokkar i Bykle gamle kyrkje.

Sjå også

Kjelder



Kyrkjer og forsamlingshus i Bykle kommune
Bykle nye kyrkje · Bykle gamle kyrkje · Fjellgardane kyrkje
Byklum bedehus · Hoslemo bedehus · Klippen Bykle · Trydal bedehus
Bykle samfunnshus · Hovden grendehus