Bjørgulv G. Holen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørgulv G. Holen
Bjørgulv G Holen.jpg
Født: 21. juli 1906
Død: 5. desember 1996 (90 år)

Bjørgulv Gunnarsson Holen (fødd 21. juli 1906, død 5, desember 1996) var lærar i Bykle og klokkar i Bykle . Han hadde fyrste lærarjobben sin i Nordbygdi. Han slutta der våren 1934, og byrja i Kyrkjebygdi om hausten. Han gifta seg i 1935 med Margit Tarjeisdtr. Tveiten. Dei fekk sonen Gunnar B. Holen i 1935.

SitatAttåt lærararbeidet var Bjørgulv klokkar i Bykle i mange år. Han var også oppteken av folkeminne og lokalhistorie, og samarbeidde med Knut Gjerden om den gamle gards- og ættesoga (1966). Etter det me skjønar var det i all hovudsak Bjørgulv som henta virket i arkiva og på folkemunne, medan Knut sto for skrivinga. Vidare skreiv Bjørgulv ned mykje tradisjon utover det som vart nytta i bygdeboka, og var dertil ein ivrig fotograf. Bjørgulv og Margit budde i Listog i mange år, men då han vart pensjonist flutte dei åt Hovet på Rysstad.Sitat
Aanund Olsnes i Heimar og folk i Bykle

Han vart gravlagd på Bykle kyrkjegard 13. desember 1996

Kjelder