Therese Hynnekleiv Norheim: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Språkpuss etter bortgang
 
Line 1: Line 1:
{{Person | bilde = Therese Hynnekleiv Nordheim 281109.jpg| bildetekst = Therese på basar, 2009. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}| fdag = 22 | fmåned = 10 | får = 1927 | ddag = 5| dmåned = 3| dår = 2023}}'''Therese Hynnekleiv Norheim''' (fødd 22. oktober 1927) er pensjonist og ivrig misjonskvinne i [[Evje]]. Ho bur i [[Kyrkjebygda (Evje)|Kyrkjebygda]] nord for Evje sentrum.
{{Person | bilde = Therese Hynnekleiv Nordheim 281109.jpg| bildetekst = Therese på basar, 2009. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}| fdag = 22 | fmåned = 10 | får = 1927 | ddag = 5| dmåned = 3| dår = 2023}}'''Therese Hynnekleiv Norheim''' (fødd 22. oktober 1927) var ivrig misjonskvinne i [[Evje]]. Ho budde i [[Kyrkjebygda (Evje)|Kyrkjebygda]] nord for Evje sentrum.

Therese var i ungdomstida heime og stelte for foreldra sine på Evje. I 1955 var ho elev på Fjellhaug bibelskule. Året etter var ho elev på  barnepleieskulen Småbarns Vel i Oslo. Der fekk ho jobb som assistent, og blei verande i fleire år. Då mora døydde, reiste ho heim att til Evje for å stelle for far sin. Seinare blei ho tilsett på arbeidsstova på [[Landeskogen]] i [[Grendi]]. Der var ho til ho pensjonerte seg som 60-åring.  

Therese har vore sterkt engasjert i det religiøse arbeidet i heimbygda, spesielt i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Ho var i ei årrekke leiar for barneforeninga [[Blåveisen (Evje)|Blåveisen]]. Ho var med i søndagsskulen på [[Tryggheim bedehus]]. Ho var også ivrig gitarspelar i musikklaget Håpet. Ho er framleis med i kvinneforeninga. Eit høgdepunkt kvart år er NLM si store messe på [[Rysstad]].  
Therese var sterkt engasjert i det religiøse arbeidet i heimbygda, spesielt i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Ho var i ei årrekke leiar for barneforeninga [[Blåveisen (Evje)|Blåveisen]]. Ho var med i søndagsskulen på [[Tryggheim bedehus]]. Ho var også ivrig gitarspelar i musikklaget Håpet. Ho var med i kvinneforeninga. Eit høgdepunkt kvart år var NLM si store messe på [[Rysstad]].  

Therese er eit kjent innsalg i folkelivet på Evje, der ho mest dagleg syklar frå Kyrkjebygda til sentrum for å handle.  
Therese var eit kjend innsalg i folkelivet på Evje, der ho mest dagleg sykla frå Kyrkjebygda til sentrum for å handle.  

I godt vaksen alder gifta Therese seg med enkemannen [[Per Norheim]] frå [[Flekkerøya]]. Han døydde etter at dei hadde vore gifte i bare sju år.  
I godt vaksen alder gifta Therese seg med enkemannen [[Per Norheim]] frå [[Flekkerøya]]. Han døydde etter at dei hadde vore gifte i bare sju år.  

Siste versjonen frå 16. februar 2024 kl. 10:17

Therese Hynnekleiv Norheim
Therese på basar, 2009.
Født: 22. oktober 1927
Død: 5. mars 2023 (95 år)

Therese Hynnekleiv Norheim (fødd 22. oktober 1927) var ivrig misjonskvinne i Evje. Ho budde i Kyrkjebygda nord for Evje sentrum.

Therese var i ungdomstida heime og stelte for foreldra sine på Evje. I 1955 var ho elev på Fjellhaug bibelskule. Året etter var ho elev på barnepleieskulen Småbarns Vel i Oslo. Der fekk ho jobb som assistent, og blei verande i fleire år. Då mora døydde, reiste ho heim att til Evje for å stelle for far sin. Seinare blei ho tilsett på arbeidsstova på Landeskogen i Grendi. Der var ho til ho pensjonerte seg som 60-åring.

Therese var sterkt engasjert i det religiøse arbeidet i heimbygda, spesielt i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Ho var i ei årrekke leiar for barneforeninga Blåveisen. Ho var med i søndagsskulen på Tryggheim bedehus. Ho var også ivrig gitarspelar i musikklaget Håpet. Ho var med i kvinneforeninga. Eit høgdepunkt kvart år var NLM si store messe på Rysstad.

Therese var eit kjend innsalg i folkelivet på Evje, der ho mest dagleg sykla frå Kyrkjebygda til sentrum for å handle.

I godt vaksen alder gifta Therese seg med enkemannen Per Norheim frå Flekkerøya. Han døydde etter at dei hadde vore gifte i bare sju år.

Kjelder