Therese Hynnekleiv Norheim

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Therese Hynnekleiv NorheimSymbol unrelated.svg
Født: 22. oktober 1927 (91 år)

Therese Hynnekleiv Norheim (fødd 22. oktober 1927) er pensjonist og ivrig misjonskvinne i Evje. Ho bur i Kyrkjebygda nord for Evje sentrum.

Therese var i ungdomstida heime og stelte for foreldra sine på Evje. I 1955 var ho elev på Fjellhaug bibelskule. Året etter var ho elev på barnepleieskulen Småbarns Vel i Oslo. Der fekk ho jobb som assistent, og blei verande i fleire år. Då mora døydde, reiste ho heim att til Evje for å stelle for far sin. Seinare blei ho tilsett på arbeidsstova på Landeskogen i Grendi. Der var ho til ho pensjonerte seg som 60-åring.

Therese har vore sterkt engasjert i det religiøse arbeidet i heimbygda, spesielt i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Ho var i ei årrekke leiar for barneforeninga Blåveisen. Ho var med i søndagsskulen på Tryggheim bedehus. Ho var også ivrig gitarspelar i musikklaget Håpet. Ho er framleis med i kvinneforeninga. Eit høgdepunkt kvart år er NLM si store messe på Rysstad.

Therese er eit kjent innsalg i folkelivet på Evje, der ho mest dagleg syklar frå Kyrkjebygda til sentrum for å handle.

I godt vaksen alder gifta Therese seg med enkemannen Per Norheim frå Flekkerøya. Han døydde etter at dei hadde vore gifte i bare sju år.

Kjelder[rediger]