Åseral gamle kyrkje: Skilnad mellom versjonar
Ny side |
s →Kjelder: fjernet unødig lenke |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*Frans-Arne Hedlund Stylegard, ''[[Til Guds Ære og Folkets Gavn, Åseral kyrkje 1822–2022]]'', utgjeve av [[Åseral sokneråd]], 2022, side 42–43 | |||
[[Kategori:Kulturminner i Åseral]] | [[Kategori:Kulturminner i Åseral]] | ||
Siste versjonen frå 3. oktober 2022 kl. 20:49
Åseral gamle kyrkje stod på same staden som Åseral kyrkje i dag. Ho kan ha erstatta den gamle stolpekyrkja i bygda, som truleg var reist på 1000-talet ein gong. Ein veit ikkje sikkert når kyrkja var reist. Men kyrkjerekneskapa kan tyde på at det seint på 1600-talet blei bygd ei heilt ny kyrkje i Åseral. Våpenhuset, og sannsynlegvis tårnet, på kyrkja som står i Åseral i dag, er eldre enn resten av kyrkja og kan hende oppførte på 1680-talet.
Tre av stokkane i dagens kyrkje, to frå våpenhuset og ein frå tårnet, ser ut til å vere attbrukte frå ein endå eldre bygning enn gamlekyrkja. Dei skriv seg truleg frå trær som vart felte på slutten av 1500-talet. Dei kan vere frå eit eldre våpenhus, men det er uvisst, skriv Frans-Arne Hedlund Stylegar i Åseral kyrkje si jubileumsbok (s. 43).
Kjelder
- Frans-Arne Hedlund Stylegard, Til Guds Ære og Folkets Gavn, Åseral kyrkje 1822–2022, utgjeve av Åseral sokneråd, 2022, side 42–43