Kjell Ingolf Ropstad: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
 
Line 21: Line 21:
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:KrF-politikere]]
[[Kategori:KrF-politikere]]
[[Kategori:Statsråder]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1985]]
[[Kategori:Fødsler i 1985]]

Siste versjonen frå 2. februar 2019 kl. 13:08

Kjell Ingolf Ropstad
Alltid på farten.
Født: 1. juni 1985 (40 år)

Kjell Ingolf Ropstad (fødd 1. juni 1985) er politikar og representerer KrF på Stortinget. Frå 22. januar 2019 er han barne- og familieminister i 4-partiregjeringa til Erna Solberg.

Kjell Ingolf er son til ordførar Bjørn A. Ropstad i Evje og Hornnes kommune og lærar Gunda Ropstad (fødd Wiberg), og vaks opp på Moisund i Hornnes. Som 14-åring melde han seg inn i Kristeleg Folkeparti i 1999. I 2003 vart han vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre og i Aust-Agder fylkesting. Det vart bare ein periode i kommunestyret, men han vart attvald i fylkestinget i 2007 og var inne i sin andre periode der då han vart vald inn på Stortinget i 2009 som 4. medlem frå Aust-Agder. På Stortinget vart han medlem av Arbeids- og sosialkomiteen frå 20. oktober 2009 - 30. september 2013. Han er frå 2017 vald til nestleiar i KrF. I stortingsvalget 2017 var han Kristelig Folkeparti sin førstekandidat i Aust-Agder.

Frå 2007 til 2010 var Kjell Ingolf leiar i KrFU etter å ha vore nestleiar frå 2005.

Utdanning

Kjell Ingolf Ropstad gjekk eitt år på allmennfag på Hornnes vidaregåande skule (2001-2002), men flytte etter det året over til Drottningborg vidaregåande skule og tok eksamen artium der i 2004. Frå 2005 studerte han jus på Universitetet i Oslo, og han er bachelor i jus og økonomi frå 2009.

Kjelder

Eksterne lenker