Bjørgumspel vol. III: Skilnad mellom versjonar
s Lagt inn noen lenker |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
[[Kategori:Kultur i Valle]] | [[Kategori:Kultur i Valle]] | ||
[[Kategori:Musikkalbum]] | [[Kategori:Musikkalbum]] | ||
[[Kategori:Folkemusikk]] | |||
Siste versjonen frå 18. april 2022 kl. 08:06
Bjørgumspel vol. III er eit folkemusikk- og DVD-album frå 2017, utgjeve av Hallvard T. Bjørgum.
Utgjevinga inneheld ein CD med 32 spor, med stevar, slåttar og munnharpespel. Total speletid 56 minuttar. Daniel Sandén-Warg medvirkar.
Med i utgjevinga følger DVD-en Ein heil spelemann med ulike opptak av Torleiv H. Bjørgum. Speletid 93 minuttar. Her medvirkar også Hallvard Bjørgum sjølv, og i tillegg Kirsten Bråten Berg, Jon K. Rysstad og Marit Bergland Rysstad. Det er også arkivopptak med Andres K. Rysstad og Andres Hovet. DVD-en har i tillegg glimt frå barndomen i strev, stev og spel på Kåsland og Heimigard i Hylestad, Sordølen etter Knut K. Heddi og forteljingar om EF-strid og ungdomsmusikk i eldre og nyare tid.
Attåt CD og DVD har utgjevinga eit fyldig teksthefte med historie og mange bilete, og ein artikkel om felespelet i Setesdal, skrive av Hallvard T. Bjørgum og trykt i Årbok for Norsk Folkemusikk 1996.
«Eit folkemusikalsk arkiv mellom to permar», kallar avisa Setesdølen utgjevinga i sin omtale.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Nok ein skatt frå Hallvard T., artikkel i Setesdølen nr. 44, 2017, side 3