Bjørgumspel vol. II Taddeivs Minne 1
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørgumspel vol. II Taddeivs Minne 1 er eit folkemusikk- og DVD-album frå 2015 om fele- og munnharpespelemannen, kvedaren og sølvsmeden Torleiv H. Bjørgum og det kunstnarlege mangfaldet hans. Utgjevinga inneheld ein CD med fele- og munnharpespel etter Torleiv, spela av sonen Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg. På CD-en er det 34 spor, med ei total lengde på 63 minutt. Det følger med eit rikt teksthefte på 59 sider med omtale av slåttane, Bjørgum-familien og andre spelemenn og tradisjonsberarar. Sist, men ikkje minst, er det ein DVD på 93 minutt med ulike film- og lydopptak, mykje om og litt med Knut J. Heddi. Utgjevar er Sylvartun Folkemusikk/Musikkoperatørane. Produsent er Hallvard T. Bjørgum.
Kjelder
- Sigrun Høgetveit Berg, Bjørgum-arv som kinderegg, artikkel om/melding av utgjevinga i Setesdølen nr. 80, 2015, side 6