Frøysnes skule: Skilnad mellom versjonar
s Rettet skrivefeil i navnet |
s Lagt til en kategori |
||
| (3 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Frøysnes skule 111116.jpg|miniatyr|høyre|Frøysnes skule 2016. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Frøysnes skule 111116.jpg|miniatyr|høyre|Frøysnes skule 2016. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Frøysnes skule''' var ein grendeskule på [[Frøysnes]] i [[Bygland]] frå 1921 til 1947. Før 1921 var skulen i ei av stogene på bruket [[Storrvollen ( | [[Fil:Frøysnes skulehus 111116.JPG|miniatyr|høyre|Skulehuset sett frå riksvegen. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Frøysnes skule''' var ein grendeskule på [[Frøysnes]] i [[Bygland]] frå 1921 til 1947. Før 1921 var skulen i ei av stogene på bruket [[Storrvollen (Bygland gnr. 19 bnr. 2)|Storrvollen]]. | |||
Skulehuset ligg rett på nedsida av [[Riksveg 9]]. Bygget har ei grunnflate på 63 m2, og er i 1 1/2 etasje. I 1. etasje var det skulestove, gang og eit lite kjøkken. Loftet er eit tomt rom. Først var det bare borna på Frøysnes som var her. Seinare gjekk borna på Frøysnes og [[Skomedal]] saman. Då var dei eit halvt år på Frøysnes, og det neste halve på [[Skomedal skulehus|Skomedal skule]]. | Skulehuset ligg rett på nedsida av [[Riksveg 9]]. Bygget har ei grunnflate på 63 m2, og er i 1 1/2 etasje. I 1. etasje var det skulestove, gang og eit lite kjøkken. Loftet er eit tomt rom. Først var det bare borna på Frøysnes som var her. Seinare gjekk borna på Frøysnes og [[Skomedal]] saman. Då var dei eit halvt år på Frøysnes, og det neste halve på [[Skomedal skulehus|Skomedal skule]]. | ||
| Line 12: | Line 13: | ||
[[Kategori:Bygninger i Bygland]] | [[Kategori:Bygninger i Bygland]] | ||
[[Kategori:Frøysnes]] | |||
Siste versjonen frå 26. desember 2020 kl. 08:17

Frøysnes skule var ein grendeskule på Frøysnes i Bygland frå 1921 til 1947. Før 1921 var skulen i ei av stogene på bruket Storrvollen.
Skulehuset ligg rett på nedsida av Riksveg 9. Bygget har ei grunnflate på 63 m2, og er i 1 1/2 etasje. I 1. etasje var det skulestove, gang og eit lite kjøkken. Loftet er eit tomt rom. Først var det bare borna på Frøysnes som var her. Seinare gjekk borna på Frøysnes og Skomedal saman. Då var dei eit halvt år på Frøysnes, og det neste halve på Skomedal skule.
Etter krigen kom det ei mjølkerute i gang. Då kunne dei få elevane på Frøysnes ta ruta det korte stykket ned til Skomedal. Grendeskulen på Frøysnes blei lagt ned. Den siste læraren var Kristian Stubseid.
I 1955 overdrog Bygland kommune skulehuset til bygdelaget på Frøysnes. I nokre år blei bygget brukt til ulike samankomstar. I 1990 blei straumen kutta. Etter det har bygningen stort sett stått tom. I dag (2016) er han prega av eit visst forfall.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 222-224