Storrvollen (Bygland gnr. 19 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Storrvollen med det gamle våningshuset. Til høgre skimtar ein det nye bustadhuset på garden.

Storrvollen er eit gardsbruk (gnr. 19 bnr. 2) på Søndre Frøysnes i Bygland. Til bruket høyrer også eigedomane Lisle Skagestøyl og StøylehomnesetOse. Det gamle våningshuset på garden, Storrvollhuset, skal i si tid ha vore det største i Bygland. Torbjørn Frøysnes eig garden i dag. Han er gift med Svanhild Frøysnes (fødd Sømme). I 1983 flytta dei inn i nytt hus på garden.

Historie

Heile Frøysnes låg truleg øyde ein periode fram mot 1600-talet. Då det kom folk igjen på garden, rundt 1600 eller kanskje litt før, blei Frøysnes delt i to gardar, Nordre Frøysnes og Søndre Frøysnes. Søndre Frøysnes var ein gard til rundt 1660. Då skjedde ei todeling. Oppigard utgjorde 1/3 av den samla garden, og Storrvollen 2/3. Kjetil Salveson Ose vart eigar av Storrvollen. Broren Salve Salveson Ose fekk den mindre Oppigard. I Nordigard på Nordre Frøysnes blei ein tredje bror, Gunnar Salveson Ose, buande.

Sjå også

Kjelder