Gunhild Nordgaard: Skilnad mellom versjonar
Føyd til dødsdag |
s Lenke Hornnes postkontor |
||
| (Éin mellomliggjande versjon av éin annan brukar er ikkje vist) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde = Bilde nr. 7 -Gunhild Nordgård (2).jpg | bildetekst = Gunhild Nordgaard på Hornnes postkontor. {{Byline|[[Alf Georg Kjetså]]}}| fdag = 10| fmåned = 7| får =1920 | ddag = 23| dmåned = 9 | dår = 2019 }} | {{Person | bilde = Bilde nr. 7 -Gunhild Nordgård (2).jpg | bildetekst = Gunhild Nordgaard på [[Hornnes postkontor]]. {{Byline|[[Alf Georg Kjetså]]}}| fdag = 10| fmåned = 7| får =1920 | ddag = 23| dmåned = 9 | dår = 2019 }} | ||
'''Gunhild Nordgaard''' (fødd 10. juli 1920, død 23. september 2019) var postopnar i [[Hornnes]] i mange år. Ho kom opphaveleg frå bruket Hovet (bnr. 7) på [[Moi (Bygland)|Moi]] i [[Bygland]]. Ho gjekk folkeskule på [[Ose]] og sidan framhaldsskule på [[Evje]]. Deretter arbeidde ho i butikk på [[Bygland]] eit par år før ho tok eittårig handelsskule i Arendal. Det var på tale at ho skulle gå på gymnas i Drammen, men det sa far hennar nei til. | '''Gunhild Nordgaard''' (fødd 10. juli 1920, død 23. september 2019) var postopnar i [[Hornnes]] i mange år. Ho kom opphaveleg frå bruket Hovet (bnr. 7) på [[Moi (Bygland)|Moi]] i [[Bygland]]. Ho gjekk folkeskule på [[Ose]] og sidan framhaldsskule på [[Evje]]. Deretter arbeidde ho i butikk på [[Bygland]] eit par år før ho tok eittårig handelsskule i Arendal. Det var på tale at ho skulle gå på gymnas i Drammen, men det sa far hennar nei til. | ||
| Line 21: | Line 21: | ||
[[Kategori:Personer fra Bygland kommune]] | [[Kategori:Personer fra Bygland kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1920]] | [[Kategori:Fødsler i 1920]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 2019]] | |||
[[Kategori:Postansatte]] | [[Kategori:Postansatte]] | ||
Siste versjonen frå 25. oktober 2020 kl. 06:05
| Gunhild Nordgaard | ||
|---|---|---|
| Gunhild Nordgaard på Hornnes postkontor. Foto: Alf Georg Kjetså
| ||
| Født: | 10. juli 1920 | |
| Død: | 23. september 2019 (99 år) | |
Gunhild Nordgaard (fødd 10. juli 1920, død 23. september 2019) var postopnar i Hornnes i mange år. Ho kom opphaveleg frå bruket Hovet (bnr. 7) på Moi i Bygland. Ho gjekk folkeskule på Ose og sidan framhaldsskule på Evje. Deretter arbeidde ho i butikk på Bygland eit par år før ho tok eittårig handelsskule i Arendal. Det var på tale at ho skulle gå på gymnas i Drammen, men det sa far hennar nei til.
Då ho var ferdig med handelsskulen i Arendal, fekk ho jobb som assistent på posten på Evje. Seinare var ho vikar i posten på Evje og Bygland. I 1947 gifta ho seg med Håkon Nordgaard frå Byglandsfjord. Ho søkte då jobb på Byglandsfjord, men fekk ikkje den. I staden fekk ho jobb som postopnar på Hornnes frå 1. mars 1947. Mannen hennar arbeidde på garden til foreldra heilt til denne vart avvikla i 1956, då først flytta han saman med kona. I 1948 fekk dei sonen Olav Nordgaard, i 1956 kom Randi Anlaug Nordgaard til verden og i 1962 vart Anne Birgit Nordgaard fødd.
Gunhild Nordgaard heldt fram som postopnar også etter at barna var komne og mannen hadde flytta til Hornnes. Arbeidet som postopnar innebar bokføring, sortering og pakking av post. Til hennar postkontor var det tre landpostruter, ho ekspederte landpostbuda slik at dei fekk posten som skulle til rutene deira. Ho tok nokre kurs for å halde seg oppdatert innan postverket.
Foreldra til Gunhild var Birgit D. Moy (f. Ose 1900, d. 1988) og Olav T. Moy (f. 1897, d. 1976).
Kjelder
- Ho skreiv om bestemora i Hornnes. Artikkel i Setesdølen nr. 47, 2013 side 2
- Randi Nordgaard Dåsvatn: Mormor - mitt store forbilde. Bidrag i «Deltakelse i demokratiet», tekstkonkurranse arrangert av Den norske historiske forening, som fikk 2. premie i konkurransen
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 536
- Bygland gard og ætt, bind III, 2005, side 570-571