Rosemåling

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. mai 2026 kl. 05:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Referanse)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle gamle kyrkje er rosemåla innvendig.

Rosemåling er eit namn på tradisjonell dekorativ måling i bondesamfunnet frå 1700-talet og seinare.

Rosemålinga blei særleg utvikla i Hallingdal og Telemark, men også område som Numedal, Setesdal, Vest-Agder og Valdres fekk ein rik rosemålingstradisjon. Han består av rik rankeornamentikk tufta på blomsterbarokken sin svulmande roser og frukter. Frå 1740-åra byrja ein å gå mot slankare og meir elegante former lånt frå regence og rokokko, og rundt 1750 kjem det påverknad frå louis-seize og noko seinare empire og nyklassisisme. Ein finn til tider figurar, men desse har lite å seie for rosemålinga. Målet er å fylle flater i ein stil som er utvungen, med klare og kraftige fargar.

I byrjinga blei rosemåling særleg brukt til dekorasjon av kister, ølbollar og andre mindre gjenstandar. Etter kvart byrja ein også å dekorere senger og skap, og heldt fram med veggar og tak.

Rosemåling i Setesdal

Rosemålinga har ikkje nokon sterk tradisjon i Setesdal frå gamalt, i motsetnad til treskurden.[1] [2]Ein veit at dei gamle kyrkjene i Valle og på Austad var rosemåla, og Bykle gamle kyrkje blei rosemåla i 1826.[3]

Kjelder

Litteratur

'Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 232–234

Referansar

  1. Ellingsgard, side 213–224
  2. Jansen og Ryningen, side 232
  3. MIdttun, side 259, 1. spalte