Auvervassåi gamle bru

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle steinkvelvbrua over Auvervassåi 25. juni 2016.
På austsida (nordsida) er brua gjort breiare enn ho var då ho blei bygd.
Foto: Geir Daasvatn

Auvervassåi gamle bru er ei steinkvelvbru over Auvervassåi, på den gamle riksvegen, ved Badstogdalen rasteplass langs Riksveg 9 mellom Ørnefjell og Hartevatn i Bykle. Køyrevegen fram til Hovden var ferdig i 1935. Men brua her blei bygd alt i 1911, som eit ledd i ein grovt planert rideveg mellom Berdalsbru og Hovden. Det kom ny veg og ny bru på Rv-9 over Auvervassåni i 1968.

Sjå også

Kjelder

Kart