Hopp til innhald

Øvre Gåseflå jernbanebru

Frå Setesdalswiki
Øvre Gåseflå jernbanebru 22. april 2019.

Øvre Gåseflå jernbanebru er ei lita bru over Storevannsbekken, på den nye linja til Setesdalsbanen forbi Øvre Gåseflå på sørsida av Gåseflåfjorden, i Vennesla. Brua kom til då jernbanelinja måtte hevast med rundt 5 meter ved oppdemming av Gåseflåfjorden til magasin for Iveland kraftverk på slutten av 1940-talet. Opphaveleg var det Øvre Gåseflå gamle jernbanebru som gjekk over bekken her.

I dag går Nasjonal Sykkelrute nr. 3 over brua.

Kjelder

Kart

Laster kart ...