Mjågeskor

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Mjågeskor er ein brei sprekk i fjellet.
Nedre del av Mjågeskor.
Foto: Reidar Tveito
Utsikt mot Store Bjørnevatn
Foto: Reidar Tveito

Mjågeskor er ein særmerkt sprekk i fjellet nordvest for Store Bjørnevatn i Valle austhei. Denne sprekksona går på skrå over eit parti med bratt svaberg, og er av ein annan bergslag enn berget omkring. Gjennom lang tid har dette noko veikare berget i sprekksona smuldra opp såpass mykje at det har vorte godt fotfeste der, og er difor farande for folk.

Turistløype. DNT Sør har ei merka turløype mellom Bjørnevasshytta ved Store Bjørnevatn og over til Stavenes i Bykle. Frå fylkesveg 45 går fyrst løypa gjennom eit myrlendt terreng, forbi Kyrli og opp mot svaberget. Deretter fylgjer ein Mjågeskor vidare. Fjellsprekken er omlag ein halv meter brei lengst nede, men vert breiare etterkvart, og er ikkje brattare enn at det er greit å gå. Sjølvsagt lyt ein visa varsemd når ein fylgjer ein slik turveg. Når ein har kome til toppen av skaret, ber det straks nedover Reidalen mot Stavenes, der mykje av løypa går gjennom bjørkeskog.

Burde vore meir kjend. Denne turløypa er ei oppleving utanom det vanlege, og burde vore meir kjend. Ein kan vel seie at Mjågeskor er det motsette av den velkjende Besseggen. Utsynet er framifrå, både undervegs og på toppen av skaret. Dette er ein grei dagstur mellom Stavenesgrenda og Bjørnevatn.

Kjelde

Kart

Laster kart...