Vise-Taddeivfestivalen 2020

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Vise-Taddeivfestivalen 2020 var eit arrangement i Bykle samfunnshus laurdag 15. august 2020. Karin Bøe i Setesdal sogelag skreiv dette:

No nærmar det seg årets festival som har Vise-Taddeiv i fokus. Han heitte eigentleg Torleiv Åsmundson Byklum og levde frå 1836 til 1916. Han vart kalla vis fordi han var synsk og kunne sjå mange ting.

Han var også viden kjend for sin kunnskap om blomar og deirar lækjande verknad. Med medisiner han laga av ulike planter kunne han hjelpe både folk og dyr i ei tid då doktoren heldt til på Frøysnes i Bygland. Han kunne også mange handverk, mellom anna kunne han veve og lærte kvinner å veve og plantefarge garn. Han reiste mykje rundt om kring, særleg til Vest-Telemark og Ryfylke. I 1914 vart han heidra av Bykle kommune med eit klokkeband i sylv. I år vil han på nytt verte heidra med minnestein og planting av ein asal utanfor Bykle rådhus i samband med festivalen som Olav M. Holen tok initiativet til og som Astri Rysstad var programleiar for.

Program


  • Arrangør: Setesdal Sogelag i samarbeid med Suldal Historielag og Bykle kommune. Vi følger smittevernreglane, og har plass til 200 personar.
  • Pris: gratis
  • Alle er hjarteleg velkomne til å høyre om denne spesielle mannen (1836-1916) som var synsk og kunne mykje om plantemedisin, veving og andre handverk.