Trygve Hermansen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Trygve Hermansen
Født: 15. mai 1908
Død: 22. januar 1992 (83 år)

Trygve Hermansen (fødd 15. mai 1908 i Namsos, død 22. januar 1992), var i ungdomstida ein god skihoppar på Byglandsfjord.

Trygve flytta til Byglandsfjord vinteren 1915/1916 saman med familien. Far til Trygve var Ole Christian Hermansen frå Tune ved Sarpsborg. Han var formann på saga på Byglandsfjord frå 1. januar 1916. Mor var Mina Hermansen frå Fetsund.

Saman med andre lokale skihopparar som Marcus Fiskaa, Sverre Stålesen, Knut Aaneland, Wilhelm Svenningsen, Jakob Svenningsen, Jon Klepp, Sigurd Klepp og Knut K. Horverak representerte Trygve Hermansen skilaget Elgen på Byglandsfjord på ein framifrå måte i hopprenn over heile Sørlandet. Hermansen deltok også i kombinertkonkurransar, og han spelte fotball i Evje AIL.

Seinare i livet busette Trygve Hermansen seg på Hamar.

Kjelder[rediger]