Varpet (Vegusdal)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Varpet 29. april 2020. Fotografen hugsa å hive ein pinne på haugen!

Varpet er ein jord- og steinhaug; om lag 5 m lang, 2 m brei og 1,20 m høg, langs den gamle Futevegen gjennom Vegusdal. Segna fortel at vegusdalsmannen og breisåsmannen fall ut om kor byttet mellom gardane skulle vere. Det kom til strid, og vegusdalsmannen blei drepen. Staden der han fall blei seinare heitande Varpet.

Folk som gjekk forbi staden, heiv ein pinne eller ein stein på haugen. Dette gjorde dei for å verne seg mot vonde vetter og gjenferd.

Kjelder

  • Oppslag/plakat ved Varpet

Kart

Laster kart...