Valle frilynde ungdomslag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle frilynde ungdomslag blei skipa i 1921. Læraren Torjus Åkre var første formann. Fire andre, to menn og to kvinner, var også med i det første styret. I 1922 blei lærar Tarald Nomeland formann i laget. Han hadde vervet til 1925. I 1923 blei Valle idrottslag stifta. Desse to laga samarbeidde mykje, då begge laga hadde omtrent dei same medlemene og ofte same formann.

Hausten 1926 blei ungdomshuset Valhall innvigd med stor festivitas.

Kjelder