Utforkjøring på Sandnes i Bygland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Utforkjøring på Sandnes i Bygland skjedde om morgonen 18. juni 2013 om lag klokka 9. Ein lastebil med grus og jord kom for langt ut på kanten på fylkesveg 323 og velta ut i Åraksfjorden. Den vart liggjande 10 meter nedanfor vegen, 5-6 meter ute i vatnet. Sjåføren vart sitjande i bilen ein time før Setesdal Brannvesen fekk han ut og fekk sendt han til sjukehus. Han hadde brekt ein fot i utforkjøringa.

For å hindre spreiing av oljesøl vart det lagt ut lenser i fjorden rundt bilen. Vegen vart sperra både ved Ose og ved Storestraumen medan ein arbeidde for å få lastebilen på land.

Kjelde[rediger]