Uppstad VVS
Hopp til navigering
Hopp til søk
Uppstad VVS er ei røyrleggarverksemd med base i Hylestad i Valle. Det primære arbeidsfeltet er frå Haukeli nedover til og med Bygland. Firmaet er leverandør av Mitsubishi varmepumper. Frå oppstarten i 2015 til sommaren 2021 monterte dei 400 varmepumper i Setesdal. Innehavar er røyrleggar Geir Uppstad. Han har med seg fire tilsette i verksemda, pluss innleigde folk (pr. juli 2021).
Omsetninga i verksemda var 1,5 millionar kroner i 2016. I 2020 var talet 12,5 millionar kroner.
I mars 2019 flytta heile verksemda, med tilsette, butikk og lager, inn i ny industrihall på Rysstadmo industriområde.
Kjelder
- Starta opp som røyrleggar i Setesdal, stykke i Setesdølen nr. 28, 2017, side 15
- Ole Birger Lien, Satsa 2 mill. på nybygg, artikkel i Setesdølen nr. 22, 2019, side 3
- Ole Birger Lien, Gjekk frå 1,5 til 12,5 mill. kr. i året!, artikkel i Setesdølen nr. 56, 2021, side 12