Tyskeplass

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Tyskeplass var ein husmannsplass langt inne i Bygland austhei, ved det vesle vatnet Vedbraut, om lag ein kilometer sør for Hjellevatn og ein drøy kilometer vest for Vestre Kile. På første halvdel av 1700-talet, i minst 30 år, budde det folk fast på staden. Det var Morten Jakobson Kummenicht (d. 1771) med familie. Han blei kalla «Morten Tysk», «Tysken» eller «Tyske-Morten». Plassen fekk namn etter han.

Tyskeplass høyrde til Nordre Austad bnr. 2, og var etter at plassen blei fråflytta støyl (Nedre Tyskeplass) under det gardsbruket. Eigar er Gunnar Stubseid.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...