Tysdagssending i Valle Radio 20110927

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Tysdagssending i Valle Radio 20110927 var Valle Radios program tysdag 27. september 2011 var det Harald Haugland som hadde ansvaret for.

Program

18.00 Kvarteret

18.15 Over ein open Bibel

Irene Krokeide Alnes hadde andakten i kveld.

18.30 Sangkveld. Frå skulesangboka.

Vel møtt til songkveld her i Valle Radio. Med så mykje regn og surt ver som me har hatt i det siste, treng me verkeleg å kvikka kvarandre opp med song. Det er noko heilt spesielt med song, ja heilt unikt, for me kan syngje kor som helst. Eit instrument er ein nøydd til å ha med seg, men songstemmen er alltid med oss. Eigentleg er me alt for redde for å syngja. Men tenk nå etter; du blir glad av å høyre ein fin song. Kvifor ikkje like godt syngja sjølv? Å syngja skapar nærhet til livet nå, og vekkjer minner om det som var. Både dei som syng, dei som nynnar og dei som høyrer på, tek del i songen. Song inkluderar. Å syngje er å sei: velkomen inn i fellesskapet.

Syng, syng, syng og ver glad!
Syng med den stemme du har!

Det er vanskeleg å velje ut nokre få songar, for me har ein stor songskatt. Håpar desse songane vekkjer gode minne frå skuletida i «gamle dagar».

Sjå, dagen sprett i austerætt

Me starta alltid skuledagen med ei salme. Denne Blix salma har starta mang ein skuledag. Egil Sjåstad har fortald i juleboka Når lysene tennes 2005: Ein tidleg søndagsmorgon – på veg til Nordmarkskapellet – kunne eg sjå sola stige opp over Tryvasshøgda bak meg. Lysegrøne knuppar på småbjørkene ved kanten av stien vitna om vaknande liv. Plutseleg høyrde eg meg sjølv syngje:

Sjå dagen sprett i auterætt,
han livet opp vil yngja.
Sjå skuggar fly og solglytt ny no gyller sky
og tusund munnar synga.”

Songar som me lærte på skulen kan plutseleg kome fram når ein opplever ting. Det er slike gonger ein ser verdien av det ein har lært. Her er det gruppa Dvergmål som syng. Meodien er annleis enn me song han, men attkjenneleg likevel.

Anne Knutsdotter

Når me reiser rundt i landet vårt så ser me mangel plassar som me lurer på; kunne verkeleg folk bu her? Men å ha ein jordlapp var gull verdt. Ungjenta Anne fortel her i visa om ein slik plass. Nasjonalromantikaren Claus Pevels Riis (1826-1886) var frå Bergen, og arbeidde som amtsgartner i Søndre Bergenhus Amt. Frå 1840-talet laga han viser for Studentersamfundet i hovudstaden. I 1850 lanserte han syngespelet ”Til seters”. Ein song frå eit anna syngespel er altså Anne Knutsdotter. Anna, som syng visa i stykket er embetsmannsdotter, men ho kler seg ut som bondejente for å halde narr med bestefaren og ein friar. Friaren blir interessert i denne bondejenta som liknar slik på dottera i huset, og han spør kva ho heiter. Anna svarar med visa. Det var Hulda Garborg og Ingvar Bøhn som oversette visa til nynorsk. Melodien er ein norsk folketone som Riis sannsynligvis lånte til denne visa.

Her høyrer vi den med Line Ivarson, som er mest kjent for barnesangar. Vi høyrde og Bodil Arnesen i eit arrangement av Eyvind Alnæs

Vi vandrer med freidig mot

Denne visa er skreven av Henrik Ibsen (1828-1906). Han var Noregs fremste bidrag til verdenslitteraturen, til tross for at han i motsetning til tre av sine kolleger ikkje oppnådde å få Nobelprisen. Han var i sin ungdom sjef for Den Nationale Scene i Bergen, og våren 1853 drog han saman med skuespelarar på ein velfortent ferietur til fots. Fylgjet vandra gjennom praktfull vestlandsnatur til Voss og Hardanger, og den 25-årige leiaen skreiv ein song som skulle passe til anledninga. Seinare har den vore stemt opp av utallige vandringsmenn og kvinner, til den friske tonen av J.U. Wehrli. Herr høyrer vi den frå plata Sanger vi sang 2.

Eg gjette tulla

Dette er ei folkevise frå Heddal i Telemark, og vart først trykt i Landstads store samleverk ”Norske Folkeviser” i 1853. Kunstnaren Landstad var glad i dyr. Teologen Landstad kunne her finna klangbotn for tankestoff han var vel fortruleg med: biletet av sauen og gjetaren, men og tjuven som kom for å stela og myrda og øydeleggja. Her høyrer vi Kirsten Bråten Berg på den flotte plata Songen

Se Noregs blomsterdal

Dei fleste av oss hugsar skulespelaren Per Aabel. Han var barnebarn til Andreas Aabel som er forfattar av denne songen. Han var distrikslege i Valdres og på Toten. Melodien er ein tysk folketone.

Se Noregs blomsterdal – me har jo ein fantastisk flora av ville blomar her i landet. Faktisk er det fint med det same løvetanna slår ut om våren. For ikkje å snakke om bukkeblad, vårmarihand, tiriltunge, blåklokke, blåfjør, raudkløver, ja, me har eit hav av vakre blomar. Mange gonger når eg er ute og syklar er augo meir i vegkanten enn på vegen. Eg må sjå på desse fantastiske blomane. Det er noko herleg med det å vera ute i naturen. Årstidene har sin sjarm, kvar på sin måte.

Her er det The Deep River Boys som syng. Kuttet er frå ei av Lirekassen-platene. Sjarmerande, dette også.

Alle fugler små de er

Våren er den årstida som då heile naturen vaknar til liv etter lange og kalde vintermånader. Det er ikkje berre blomane om våren som er kjærkomne, men og fuglane når dei kjem tilbake. Å høyre lerka for fyrste gong om våren er fantastisk. For ikkje å snakka om når vipa kjem med si låt, og linerla kjem trippande. Fyrst kjem dei for å sei: nå er me her. Så startar travelheta med å byggja reir, og endå meir travelt når ungane er utklekkte. Sola er viktig. Ikkje berre for fuglar og blomar, men borna kjem ut og leiker, så det vert både ”kråkestup og bukkesprang”. Dette er ei tysk folkevise som er oversett til norsk av Johan Nicolaisen. Her er det frå plata Barna synger 3. Alle fugler hos wikipedia

Småsporven

Arne Garborg er som sjølve Jærbuen i vår litteratur. På denne kyststripa voks han opp og mottok sine viktigaste livsinntrykk – inntrykk som var både gode og vonde, kanskje ikkje minst det siste. Sjølv om han levde mange år på Austlandet måtte han tilbake til Jæren, til barndomslandet. Han vende tilbake til Jæren i mange av sine litterære verk. I ei særstilling står lyrikksyklusen Haugtussa, som er blitt kåra til «tidenes norske diktsamling». Tenk litt over denne teksten og sjå for deg sporven når han held ap med katten Monsemann. Eller når han legg seg i blomsterbedet og moldar seg, vel å merke når molda er turr, noko som er ei stund sidan sist. Det er Catharisnus Elling som har skreve melodien. Han var frå Oslo, men studerte musikk i Berlin ved hjelp og støtte av bl. a. Edvard Grieg. Tilbake i Noreg verka han som komponist, organist og musikkanmelder. Her høyrer vi den frå plata Barnesangskatten med Geirr Lystrup. Deep River Boys har og ein versjon.

Dei vil alltid klaga og kyta

Det er nokre menneske som har ein eigen evne til å klage over alle ting. ”Me skal koma om ikkje så brått” – desse orda av Ivar Aasen vert sitert med jamne mellomrom, gjerne med eit hint til norsk konservatisme, som ver rekna som både molleten og forstokka. Og sjølvsagt kann Kari og Ola visa seg frå den sida. Men så var det dette med å kasta barnet ut med badevatnet. Det er ikkje alle gamle arvestykke som er molletne. For tida lever me – langt meir enn Ivar Aasen – i ein kultur kor så å sei alle verdiar er i støypeskeia. Derfor er denne songen livsviktig: det fins noko me ikkje må springa frå, sjølv ikkje i ”atomalderen”. For å forstå tida me lever i må me kjenna historia bak. Melodien er til vanleg ein norsk folketone. Her er sangen med ein ny melodi frå ei jubileumsplate med songar av Ivar Aasen.

Mellom bakkar og berg utmed havet

Her er det og Ivar Aasen som er forfattar. Dette er vel ein uoffisiell nasjonalsong som er mykje songen og like aktuell heile tida. For er det ikkje akkurat det Ola og Kari gjer den dag i dag; drøyme om eit varmare land om vinteren. Berre at i dag reiser dei og. Ikkje berre drøymer. Men så er det nå det at når vårsola blenkjer i bakkane. Då er det ingen betre plass enn akkurat her heima. Eg kan ikkje tenkje meg å reise nokon stad om våren. Ivar Aasen har skildra det meisterleg. Pioneren frå Sunnmøre talar framleis av eiga erfaring, og hans kreativitet har me alle grunn til å takka for. Det er komponisten Ludvig Lindemann som har skrive melodien. Det er Berit Nyheim og Kjell Bjørklund som framfører songen på plata Folkeeie.

Mot i brystet

Johan Nicolaisen var lærar i Trondheim og Kristiania, og som lærar i gamle dagar måtte ein undervise i alle fag, også kroppsøving. Då kunne det vere godt å ha ein feiande marsj å synge til, i alle fall når ein skulle marsjere i takt. Han skreiv like godt songen sjølv til eigen melodi. Han kom med den til å visa seg som ein av dei tidlegaste talsmenn for kvinneidrett på høgt nivå. Og han vende seg til ressursane som finst i kvar ein gut og jente. Det gjeld om å ikkje gje seg, men øve, øve, jevnt og trutt og tappert, det er tingen. Alltid bedre om og om og om igjen. Her er det Lars Lillo Stenberg som framfører sangen.

Eg veit ei lita jente

Nokre lurer kanskje på kva ein los hadde å gjere inne på skogen; burde ikkje han halde seg i sitt rette element med å halda skutene på rett kurs? Det vart omsider klarlagt at det her var snakk om hundar som får los under jakt. Straks vart denne visa meir logisk; det var ein jeger som fant seg ein liten kjærast nord i skogen. Og den utvalde ville ikkje heller klaga over det som hende. Originaltittelen var: Je veit ei vakker jente, for diktaren var frå Odalen og skreiv på sin heimedialekt. Forfattaren var altså Georg Rober Schirmer (1845 – 1917). I fylgje Norsk Visebok var han «en sangfugl som sang bare én gang», og det skjedde under studietida hans. Me kan derfor gjette på at var han sjølv som drog rundt i skogen på jakt, og som ved ein bestemt anledning fekk los i ein annan og betre forstand. Melodien er ein norsk folketone. Her høyrer me Jan Borsæths syngje frå plata Foill Fræs.

19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv

  • Om kompebasar på Byglandsfjord.
  • Nytt sokneråd i Iveland
  • Hjemme i himlen
  • Jevnt løp i kirkevalget
  • Flyttfåglarna

20.00 Møteplassen

Han gikk på bar for å drukne sorgene, men bartenderen hadde bedre ting å by på enn øl. Den svenske eks-alkoholikeren Alf Lax er i dag musiker, forkynner og fengselsmisjonær.

20.30 Postludium

21.00 Kyrkjebakken

Eksterne lenker