Torleiv Løyland (1939)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torleiv Løyland (1939)Symbol unrelated.svg
Født: 1. januar 1939 (80 år)

Torleiv Løyland (fødd 1. januar 1939) har vore ein populær altmuligmann i Oveinang i Valle, ikkje minst for jobben som løypekøyrar for 30 km skiløyper i området ved Store Bjørnevatn. Han kjørte opp løyper med snøscooter og sporkall, men i 1995 fekk Bjørnevatn løypelag løypemaskin. Løypene ved Bjørnevatn er ikkje preparerte, så til tider har maskinen sett seg fast, og Torleiv Løyland har hatt mange timar for å få maskina laus att. Etter sesongen i 2015 gav han seg med den jobben.

Torleiv Løyland jobba 20 år i Forsvaret, han dreiv Flateland handel, etter at butikken la ned har han likevel halde fram med å levere varer til hyttefolk. Han har og drive reparasjonar av hytter og måking av hyttetak i snørike vintrar. For mange vil han vere mest kjent som folkedansar og tidlegare leiar av Setesdal Spelemannslag.

Kjelder[rediger]