Torgeir Straume Hjelmås

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgeir Straume Hjelmås
Født: 15. november 1988 (29 år)

Torgeir Straume Hjelmås (fødd 15. november 1988 i Arendal) er tunneldrivar hos Veidekke. Etter ungdomsskolen gjekk han på skogskulen på KVS-Bygland, eitt år på jakt og fiske. Deretter gjekk han byggfag, også det på Bygland. Sidan gjekk han eit år på anlegg og bergverkslinja på Blakstad videregående skole. Deretter fekk han lærlingplass hos Veidekke og sidan vart han fast tilsett. Han arbeider turnus og er 12 dagar på jobb i gummistøvlar på anlegg og 9 dagar fri. Han har arbeidd på anlegg i Nord-Norge, Sauda, Eidfjord og Minnesund. Han kjøpte hus på Straume, der han bur i friperiodane. Han har og hytte på Straumsheii.