Toralv Andersen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Toralv AndersenSymbol confirmed.svg
Født: 27. juli 1946 (72 år)

Toralv Andersen (fødd 27. juli 1946) er pensjonert opplæringsleiar på Kristiansand Jernstøperi. Han var og hovudtillitsvald der i fem år. Han tok til der i 1968. Han kom inn som hjelpearbeidar og var aktiv i tillitsmannsarbeidet i mange år. Den første tida budde han på Setesdalsvegen, sidan budde han i Vågsbygd, men frå 1981 budde han på Strai.

I tida i Kristiansand var han aktiv i Arbeiderpartiet. Han vart pensjonist og flytta tilbake til Rysstad i 2003. Han vart vald inn i Valle kommunestyre i 2007 og var fast medlem ein periode. Deretter vart han varamann, og møter ein del som varamann. Han var leiar av kontrollutvalet i Valle i den perioden han var kommunestyremedlem.

Utanom politikken har han vore engasjert i Valle mållag. Han er og engasjert VAFA, der han har vore styreleiar i ei rekke år. Han er svært oppteken av krypsiv i Otra og arbeidet med kalking av elvar og vatn.

Han er gift med Jorunn Bø Andersen. Dei har to barn, Magnhild Bø Heddeland og Knut Bø Andersen.

Heder[rediger]

  • Plakett for 50 år medlemsskap i Ap 2019

Kjelde[rediger]