Tomine Furholt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomine Furholt
Født: 3. juni 1916
Død: 2. november 2014 (98 år)

Mari Tomine Vellene Furholt (fødd 3. juni 1916, død 2. november 2014) budde på Birkenes sykehjem den siste tida. Ho etterlet seg barna Syvert, Anne Marie, Jens, Bjørn Gaute, Ingrid, Finn Martin og Marit, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Vegusdal kyrkje fredag 7. november 2014 klokka 11.

Tomine Furholt var fødd i Drangedal, men både ho og to brør vart gifte i Vegusdal. Mannen hennar, Olav Furholt, døydde meir enn 20 år før henne, sidan gifta ho seg om att etter at ho hadde fylt 80 år og var gift 7-8 år før også hennar andre ektemann døydde. I tillegg til å vere aktiv i gardsarbeid var ho aktiv i mange lag og foreningar. Etter kommunesamanslåinga med Birkenes kom ho inn i Birkenes kommunestyre, ho sat i styret for sjukehuset i Arendal under den store utbygginga der. Ho var med i styret i Vegusdal mållag til ho var 96 år gammal, ho var leiar i Vegusdal bondekvinnelag og fylkesleiar og ho sat i styret i Norges Bondekvinnelag.

Kjelder