Tjostolv Nordal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tjostolv Nordal
Tjostolv Nordal.jpg
Med kona Signe i Nissedal i 2000
Født: 23. juni 1922
Død: 2. mai 2014 (91 år)

Tjostolv Nordal (fødd 23. juni 1922 i Nissedal, død 2. mai 2014 i Skien) budde i Skien. Han var sjuk dei siste åra av livet. Tjostolv Nordal var predikant. Han starta sitt virke som forkynner i Agder krets av Indremisjonsselskapet i 1945. I 1950 vart han ungdomssekretær i Arendal krets. I 1959 vart han konstituert landsungdomssekretær i Indremisjonsselskapet før han i 1961 vart kretssekretær i Agder krets av Indremisjonsselskapet. Deretter var han kretssekretær i Trøndelag Indremisjon og Ryfylke og Jæren Indremisjon før han flytta til Skien og vart redaksjonssekretær i Langesundsfjorden Indremisjonsselskap. Frå 1978 var han så reisesekretær for Bibelselskapet tl han vart pensjonist.

I tenesta som kretssekretær i Agder Indremisjon var han i Valle Indremisjon som talar, og han var ein viktig samarbeidsmann i samband med Internatmøta i Valle.

I 1964 vart han vald inn i Oddernes kommunestyre for Kristelig Folkeparti, men kommunen var slått saman med Kristiansand frå 1965, så den politiske karrieren hans der vart kort.[1] Seinare var han medlem av Agder bispedømmeråd fram til 1986[2]

Tjostolv Nordal etterlet seg kona Signe og tre barn, Gunhild, Torgeir og Aslaug. Dottera Olaug var død tidlegare. I tillegg etterlet han seg svigerbarn, barnebarn og oldebarn. Bisettelsen var frå Nordre gravlund i Skien fredag 9. mai 2014 klokka 10. Like kjært som blomar var ei gåve til Kyrkjebygda bedehus i Nissedal, Normisjon og Det norske Bibelselskap.

Kjelder[rediger]

Referanser[rediger]

  1. Nils Otto Hægeland: Kristelig Folkeparti i Vest-Agder gjennom 50 år 1997 ISBN 8299417007 side 269
  2. Torbjørn Ekroll: Norsk kristelig årbok 1990 ISBN 8290777396 side 87