Terrorkatastrofen i Oslo og på Utøya
Hopp til navigering
Hopp til søk
Terrorkatastrofen i Oslo og på Utøya var ein hending der 77 menneske mista livet i Oslo og på Utøya i Randsfjorden, AUF sin leirstad gjennom fleire tiår, der det i 2011 var over 600 samla på leir. Regjeringskvartalet vart råka av ei bilbombe som raserte ei rekke bygningar, og mannen som laga bilbomba, drog så til Utøya i politiuniform der han i løpet av ein time før han vart teken av politiet, skaut alle leirdeltakarar han kom over.
Frå Setesdal var ein deltakar til stades på Utøya, Sigbjørn Haraldson Haslemo frå Bykle. Han kom frå hendinga med livet.
Markeringar
- Det var lagt ut kondolanseprotokollar i alle kommunehusa i Setesdal.
- Måndag 25. juli 2011 var det minnemarkering i Evje kyrkje
- Fredag 29. juli 2011 var det minnemarkering i Iveland kyrkje
- Laurdag 20. august 2011 var det Minnemarkering på Hovden
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: -Såg fire kameratar bli skotne på Utøya. Artikkel i Setesdølen nr. 58, 2011 side 3