Terje Abusdal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Terje Abusdal![]() | ||
---|---|---|
Født: | 19. desember 1978 (44 år) |
Terje Abusdal (fødd 19. desember 1978) er ein fotograf frå Dåsnes som bur i Oslo. Han har mastergrad i turisme og miljøøkonomi frå det spanske universitetet Universitat de les Illes Balears i 2005 og utdanning frå Danmarks Medie- og Journalisthøjskole innan Advanced Visual Storytelling i 2014. I 2017 fekk han Aust-Agder fylkeskommunes kunstnerstipend for 2018 for å dokumentere Folk i nær fortid. Planen er å lage ei visuell utstilling av materiale han får inn kombinert med eigne bilete.
I 2015 fekk han kunstverket Summer Long med på Sørlandsutstillinga. Same året ga han ut boka Radius 500 Metres. Den er eit historisk dokument over bygdelivet på 1970- og 1980-talet skildra gjennom personlege bilete frå Setesdal.
Heder[endre]
- Leica Oscar Barnack Award, 2017
- Aust-Agder fylkeskommunes kunstnerstipend 2018
Kjelder[endre]
- Sigurd Haugsgjerd: Vil vite historia om folk i nær fortid. Artikkel i Setesdølen nr. 41, 2018 side 14
- Om Terje Abusdal på Wikipedia
- Oversikt over utstillingar og anna på terjeabusdal.no