Targjerd Bjørgum Omtveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Targjerd Bjørgum Omtveit
Født: 19. februar 1910
Død: 2. april 2012 (102 år)

Targjerd Bjørgum Omtveit (fødd 19. februar 1910, død 2. april 2012) budde på Valle alders- og sjukeheim den siste tida. Ho etterlet seg nevøar, nieser, svigerinner og øvrig familie. Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 13. april 2012 klokka 11.

Då Targjerd Bjørgum Omtveit døydde, var ho den eldste i Setesdal. Oppveksten sin hadde ho på Bjørgum, men då systera hennar, som var gift til Bjåen, døydde frå to born, reiste Targjerd dit for å stelle hus og born. Sidan gifta ho seg med Gunnar Omtveit frå Brunkeberg og vart gardkone der. Men då Gunnar døydde, flytta ho heim att til Bjørgum, der ho budde saman med systera, Turid Bjørgum Hovet, til dei kom på Valle alders- og sjukeheim.

Kjelde[rediger]