Stompesteinen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Stompesteinen 28. april 2020.

Stompesteinen er ei svær steinblokk langs den gamle Futevegen mellom Vegusdal-garden og Vegusdal, nord i Birkenes. Han står mellom Rundetjønn og Gaulsmyr, noko aust for Engelsåna.

På dei flate fjella ved Stompesteinen ramla den vidgjetne skrivaren på Myklebostad, Lyth Ørum (d. 1724), av hesten og blei liggande i uvet. Han døydde nokre dagar seinare. Segna seier at ein svart hund skvatt fram, og at hesten stokk slik at skrivaren fall av. Folk fekk det til at det var hinmannen som hadde skapt seg om til ein hund - og at skrivaren fekk løn som fortent.

Kjelder

  • Oppslag/plakat ved steinen

Kart

Laster kart...