Myklebostad (Evje og Hornnes gnr. 127)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Myklebostad er ein gard langsmed Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) i Hovlandsdalen i Vegusdal aust i Evje og Hornnes kommune. Til 31. desember 2018 høyrde garden til Birkenes[1]. I aust grensar han mot Hovland, Ljosland og Øygarden, i sør mot Øvre Engesland, i vest mot Vestre Haukom og Lislevand og i nord på toppen av Himmelsyna mot Mykland i Froland.
Historie
Garden er truleg rydda i førkristen tid. Det er gjort arkeologiske funn frå 200-talet e. Kr.[2] Så låg nok garden øyde under Svartedauden og blei rydda opp igjen mot slutten av 1500-talet[3]
Litteratur
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 61-84
Referansar
- ↑ *Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
- ↑ Ole Birger Lien, Grov seg 1800 år tilbake i tid, artikkel i Setesdølen nr. 83, 2017, side 7
- ↑ Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 61