Stasjonsvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Stasjonsbygda i Hornnes med Stasjonsvegen som går fram til Hornnestangen bak i biletet.

Stasjonsvegen er ein liten veg i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Vegen går sør-austover frå Hornnesvegen til Hornnestangen og Hornnes Camping, og er ca 1 km lang. Rett før ein kjem til Hornnestangen, går det gang- og sykkelveg austover frå Stasjonsvegen over Hornnes jernbanebru til Evjemoen på austsida av Otra.

Namnet Stasjonsvegen kjem av at den nedlagte Hornnes stasjon ligg langs vegen. Fram til Setesdalsbanen vart lagt ned i 1962 gjekk toglinja forbi her.

Kjelder

  • Kart på nettsida til Statens Kartverk

Kart

Laster kart...