Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokomslaget.

Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli er ei bok om folkemusikktradisjonen i Tovdal, Gjøvdal og Åmli, spesielt tileigna spelemannen Salve Austenå (f. 1927). Boka har ei innleiing av Anne Tone Aanby, som også er redaktør for verket. Ho har artiklar, skrivne av ulike forfattarar, som både er retta mot eit akademisk musikkmiljø like så vel som lokalhistorisk interesserte. Artiklane er skrivne uavhengig av kvarandre. Kvar forfattar står sjølv ansvarleg for innhald i sin artikkel. I boka er det mange referansar til kulturkontakten og utvekslinga av slåttemusikken som skjedde mellom folkemusikkmiljøa i Åmli og Setesdal i vest og Fyresdal i aust. Boka er utgjeve av Åmli Boknemnd. Layout og trykk er ved ATL Grafisk AS, avdeling Tvedestrand Boktrykkeri AS. Opplaget er 700. 320 sider. ISBN 978-82-90970-51-7.

Innhald

Kjelder

  • Boka