Skrivarvegen (Bygland)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Her i skogkanten Nord i Moen om lag gjekk Skrivarvegen ned til Otra på Moi-sida.

Skrivarvegen gjekk frå den gamle rotevegen og ned til Otra, om lag 1 km nord for den nordlegaste garden på Moi i Bygland. Vegen har namnet sitt frå den tida da skrivaren budde på Heistad, på andre sida av elva. Det var frå 1640-åra til 1660. Seinare heldt lensmannen til på Heistad. Mange folk har difor nytta vegen når dei måtte over på andre sida.

Kjelder

Kart

Laster kart...