Johannes Skar

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Skar, Johannes)
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Skar
Johannes Skar.png
Født: 18. november 1837
Død: 3. februar 1914 (76 år)

Johannes Skar (fødd 18. november 1837 på garden Skar i Øyer i Gudbrandsdalen, død 3. februar 1914 i Bygland) var folkeminnesamlar og forfattar. Han vaks opp i Øyer og tok artium i 1859 på Lillehammer, der han vart ven med Christopher Bruun, som var medelev. Seinare studerte han på Universitetet i Oslo. Tanken var å bli prest, men han vart sjuk og måtte avslutte studia. I staden vart han huslærar og var då fleire stader, både heime i Øyer, i Risør, Ullensaker, Haus og Østerdalen. Han var også lærar på Vonheim folkehøgskule.

I 1873 kom han for første gong til Setesdal. Han var blitt oppfordra av Vonheim-miljøet til å prøve å finne mest mogleg fullstendige variantar av Draumkvedet. Han lukkast ikkje i dette, men i 1874 kom han tilbake til Setesdal for å samle folkeminne. Då busette han seg på Frøysnes. Ved sida av å samle folkeminne, var han huslærar, mellom anna for Hans E. Kinck og søskena. Han livnærte seg også som blekksmed, men i 1881 fekk han støtte frå folk i Kristiansand til å halde fram med folkeminnesamlinga, ikkje minst takka vere støtte frå Jørgen Moe og Jørgen Løvland. Året etter fekk han universitetstipend til arbeidet. Frå 1880 til 1897 budde han i Gausdal og arbeidde som lærar og skribent. Men i 1898 fekk han statsstipend og då flytta han tilbake til Setesdal. Her blei han buande resten av livet, dei siste åra på Neset. Han er gravlagd på Årdal kyrkjegard i Grendi.

Gamalt or Setesdal kom ut i åtte bind. Første bind var klart til trykking i 1901, men han fekk ingen forleggar, så til slutt gav han det ut på eige forlag i 1903. Deretter overtok Olav Nordli utgjevinga av resten av verket. Dei to siste banda kom etter at Johannes Skar var død. Dei var det Knut Liestøl som gav ut.

«Det er Johannes Skar som har samla det meste og det beste av Setesdalstradisjonen», seier professor Olav Bø.

Kjelder