Setesdalsbryllaup

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Setesdalsbryllaup er ei forestilling som vart framført av 10. klasse på Bygland skule i kulturveka 2007. Forestillinga tok utgangspunkt i ein tekst av Hans E. Kinck om korleis bryllup kunne foregå i Setesdal i gamle dagar. Denne teksten hadde Åslaug Haugaa dramatisert, og i kulturveka øvde dei inn stykket. I den samanheng øvde dei inn gangar med Irene Moe som lærar. 9. klasse lærte å lage lefser og laga maten til festen, og 8. klasse laga kulisser og hadde ansvar for lyd og lys.

På festen var alle elevane i 10. klasse var kledd opp i Setesdalsbunader, og før festen starta, synte elevane frå 1-10. klasse fram gangar på plassen ute. Rundt 400 menneske møtte opp.

Film[rediger]

For å tjene pengar til Polenturen med Hvite Busser som 10. klasse har kvart år, pakka alle inn dvd-er og selde dei til dei tilsette i Bygland kommune. Denne dvd-en kan om bryllupet og førebuinga kan ein kjøpe hos Attestog Film og DVD-Brænderi. Det er film nr. 32.