Setesdal Vekst
Hopp til navigering
Hopp til søk
Setesdal Vekst var eit treårig næringsprosjekt som starta opp vinteren 2019. Prosjektet hadde utspring i å fylle dei tomme kontorlokala i Byglandstunet i Bygland sentrum. Siktemålet var å skape vekst i næringslivet i Bygland, med ringverknader for heile Setesdalsregionen. Lokaliseringa var i Bygland. Siri Lande var prosektleiar.
Bygland kommune og Setesdal Regionråd gav kvar 1,5 millionar kroner i tilskot til prosjektet, fordelt over tre år.
Då treårs-perioden var omme i 2022, blei prosjektet lagt ned.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Ber om 1,5 mill. til næringsutvikling, artikkel i Setesdølen nr. 11, 2019, side 5
- Setesdal Vekst, annonse i Setesdølen nr. 29, 2019, side 45
- Setesdal Vekst lagt ned i fjor, stykke i Setesdølen nr. 9, 2023, side 4