Seland (Konsmo)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Seland seint om kvelden 31. juli 2017.

Seland er ein gard (gnr. 27) ved Audna, ca. to kilometer sør for kommunesenteret Konsmo i Audnedal. Husa i garden ligg på vestsida av elva, men garden har grunn på begge sider. Brastadveien går frå Fv-460 på bru over Audna og forbi Seland.

På Seland bnr. 2 (Ydregarden), eigd av Sigmund Birkeland (f. 1930), var det stor auksjon av alt innbu og lausøyre lørdag 29. juli 2017 og søndag 30. juli 2017. Auksjonen var truleg ein av dei største i indre bygder på Agder sommaren 2017.

Historie

I Konsmoboka meiner forfattaren Tore Bergstøl at garden ut frå namneforma kan vere frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Om det er rett, har garden truleg blitt liggande øyde etter Svartedauden (år 1350), og blitt rydda på nytt seinare. Han er ikkje oppført i lensreikneskapen for 1594-1595. Frå først av er garden truleg blitt skilt ut frå Viblemo, som ligg sør for Seland.

Kjelder

Kart

Laster kart...