Sandnesfjorden

Nordre del av Sandnesfjorden med Sandnes.
Foto: Geir Daasvatn
Sandnesfjorden er det lokale namnet i Bygland på den midterste delen av Åraksfjorden, strekninga frå Haugemoodden på grensa mellom Åraksbø og Sandnes til Sundsodden like nord for soknegrensa mellom Sandnes og Bygland. Strekninga er om lag 4,5 km i luftline.
Frå gamalt av skal heile strekninga frå Ose til Storstraumen ha blitt kalla Sandnesfjorden.[1] I dag bruker ein heller Åraksfjorden som samlenamn for heile fjorden.[2]
Sjå også[rediger]
Referansar[rediger]
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 15
- ↑ Artikkelen om Åraksfjorden i Store Norske Leksikon
Kart[rediger]
Laster kart...