Sandnes skule
Hopp til navigering
Hopp til søk

Skulebygget i 2017.
Foto: Geir Daasvatn
Sandnes skule var ein skule i Sandnes skulekrins i Bygland frå 1894/1895 til 1950. Han var nedlagt 1924-1935. Skulebygget låg på grunnen til Søndre Sandnes bnr. 1. Før det kom fast skule var det omgangsskule.
Til Sandnes skulekrins høyrde Sandnes, Skomedal og Frøysnes. Some tider høyrde Frøysnes til Åraksbø skulekrins. Då Sandnes skule blei nedlagt i 1950, måtte elevane frå hausten 1950 gå på Åraksbø skule.
Etter at skulen tok slutt, har skulestova blitt nytta som samlingshus.
Lærarar

Jon Løyland ca 1926.
Foto: Festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926
- Eivind E. Lande (1894-1914)
- Gunnar O. Sandnes (1914-1922)
- Kristian Stubseid (1922-1924)
- Tor O. Sandnes (1936-1940)
- Jørund Greibrokk (1940)
- Jon Løyland (1941-)
- Eivind Ose (-1950)
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 38-42