Søteheivegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Søteheivegen er ein anleggsveg/skogsbilveg som svingar seg bratt opp dalsida frå Skjerka kraftverk til Øvre Grostøldalen på heia vest for Ørevatn i Åseral. I Grostøldalen greinar vegen seg i to. Skjerkevassvegen går vestover til Dam Skjerkevatn og vidare til Dam Heddersvika. Nåvassvegen går nordover, på nedsida av Dam Skjerkevatn, til Loneviki i Nåvatn.
Søteheivegen er ein privat veg, men open for almen ferdsle.