Sætergjenta
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sætergjenta er ei hardingfele som felemakaren Olaf G. Helland laga på bestilling til konsertspelemannen Olav Hegland frå Bygland. Ho var eit praktinstrument, som Olav brukte i mange år. Men fela innfridde etter kvart ikkje dei krava Olav stilte. I 1931 selde han henne til ein mann i Lillesand. Seinare spora Olav fela opp i Åseral. Han hadde glede av fela heilt til han dydde i 1974. Gunnar Stubseid fekk overta henne av familien i 1975. I dag er ho i topp stand, skriv Gunnar sjølv i boka si om legendariske hardingfeler.
Kjelder
- Gunnar Stubseid, Legendariske hardingfeler - Femti feler 1750-1950, Bokbyen Forlag, 2018, side 108–113
- Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980, side 50–51