Ryssemonane

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryssemonane 19. mars 2020.

Ryssemonane er nokre svære sletter eller moar mellom Fylkesveg 42 (Sveindalsvegen) og Hannåsfeltet i Hornnes. Tidlegare var det svære furuskogar her. Men i 2019 er skogen hoggen, og dei store slettene er dyrka opp.

Kulturminne

Mogeleg gravrøys nord på Ryssemonane 20. oktober 2023.
Foto: Geir Daasvatn

I skogen i nordre enden av Ryssemonane, på austsida av fylkesvegen, ligg det ei stor steinrøys, kanskje ei gravrøys. Dette er er ikkje stadfesta av fagfolk.

Kjelder

Kart

Laster kart...