Ruafjødd og Veiådalen naturreservat

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Veiådalen og Ruafjødd sett frå aust mot vest 20. august 2016.

Ruafjødd og Veiådalen naturreservat ligg nord i Valle, aust for Otra, på garden Lunden sin grunn. Verneområdet er stort sett på nordsida av Veiåni, og strekk seg vestover forbi Skorpetveitfjellet. Det verna arealet er ca. 2 730 daa.

Føremålet med forskrifta er å ta vare på eit område som:

  • representerer ein bestemt type natur i form av gamal alm-lindeskog, rik blandingsskog, gamal lauvskog og sørvendt berg og rasmark
  • har særskild betydning for biologisk mangfald ved at det har ein rik karplanteflora

Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mulig urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Kjelder

Kart