Reiårsfossen Camp

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Reiårsfossen Camping)
Hopp til navigering Hopp til søk
Campingplassen sett frå Skore på andre sida av Otra.

Reiårsfossen Camp er ein campingplass på Osefita under ReiårsfossenOse i Bygland.

Plassen har Vandreheim med 28 rom og 49 senger. Det er sju campinghytter med 28 senger, og oppstillingsplassar for telt/campingvogn/bubil. På staden er det også kioskutsal og selskapslokale til leige, utleige av båt og fiskeutstyr, leikeapparatar for barn og festivalplass med tre scener. Ose Countryfestival er arrangert her mange gonger.

Historie

Torleiv Torgeirson Ose (1927-1998) tok til med å utvikle området på Osefita til campingplass rundt 1960. I høve til si tid blei det etterkvart ein moderne campingplass, med tidsmessige hytter, kiosk, båtar og utleige av fiskeutstyr.

Signe Ose vart eineeigar av campingplassen i 1998. I 2004 blei han seld til Fossekompaniet AS, eit selskap Knut William Bygland stod bak. Det blei investert mykje i plassen, bygd mange nye hytter, nye vegar, osb.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...