Ragnar Kaasa

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ragnar KaasaSymbol unrelated.svg
Født: 18. desember 1939 (79 år)
I 2006 fekk Ragnar Kaasa Kommunenes Sentralforbunds hedersmerke og diplom etter å ha vore tilsett i Bygland kommune meir enn 30 år. Frå venstre: Ragnar Kaasa, Bjarne Nordgarden, Erik Langfeldt,Berit Haugetveit,Ingebjørg Frøysnes Berg og Erling Berg.

Knut Ragnar Kaasa (fødd 18. desember 1939 i Kjosen i Drangedal) var vaktmeister og sentralbordmann i Bygland kommune. Han kom til Setesdal i 1963 i samband med arbeid på Brokkelina. Etter å ha arbeidd på anlegg i ein periode, vart han tilsett som vaktmeister i Bygland kommune i 1973. Han var vaktmeister i 17 år, men i 1990 vart han tilsett på Tenestetorget, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon.

I 1964 gifta han seg med Gunnhild Kaasa, dotter til spelemannen Edvard Nomeland. Dei har to døtre, Solveig Kaasa og Anne Karin Kaasa. Han har sjølv vore glad i spel og sang og han har skrive mange tekstar til songar som Anne Karin Kaasa har sunge inn på plate. Med teksten hans Morgongry til melodi av Tore W. Aas deltok ho og i Melodi Grand Prix i 1992, utan å gå vidare til den europeiske konkurransen.

Dikt av Ragnar Kaasa[rediger]

Songar på plata Spor i landskap (2010)
  1. «Emigranten»
  2. «Eit minne»
  3. «Morgontåke»
  4. «Sommarkjolen»
  5. «Husmannen»
  6. «Vinden har sorg i Athenry»
  7. «Undring»
Job sine songar (2003)
Songar på plata Svalande vind (1991)
  1. «Oss to»
  2. «Morgonstunda med deg»
  3. «Fjellbekken»

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]