Spor i landskap

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Platecoveret

Spor i landskap er eit musikkalbum av Anne Karin Kaasa. Albumet kom ut i 2010 på plateselskapet Grammofon og er inspirert av irsk musikk etter at Anne Karin Kaasa budde i Irland ein periode og nytta høvet til å fordjupe seg i denne musikksjangeren.

Innspelinga skjedde i Stonehill Studio, Notodden og teknikar og produsent var Kai Løland, som og hadde arrangementa på plata. Musikarane var Olav Torgeir Kopsland; gitarer. Helge Norbakken; perkusjon. Ingolv Haaland; piano. Martine Lund Hoel; fele. Reidar Svare; fløyter. Ole Foss; trekkspill/nykkelharpe, Reidar Svare, fløyter og Marianne Bondevik, kor. Albumet vart støtta av Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere og Vest-Agder fylkeskommune. Alle melodiane er irske folketonar og tekstane er det Anne Karin Kaasa sjølv eller far hennar, Ragnar Kaasa som har skrive. Nokre er direkte basert på dei irske tekstane, andre er gjendikta meir fritt.

Sporliste

  1. «Av stad», tekst Anne Karin Kaasa
  2. «Emigranten», tekst Ragnar Kaasa
  3. «Eit minne», tekst Ragnar Kaasa
  4. «Ei anna glede», tekst Anne Karin Kaasa
  5. «Guten», tekst Anne Karin Kaasa
  6. «Lerka» tekst Anne Karin Kaasa
  7. «Morgontåke», tekst Ragnar Kaasa
  8. «Sommarkjolen», tekst Ragnar Kaasa
  9. «Husmannen», tekst Ragnar Kaasa
  10. «Vinden har sorg i Athenry», tekst Ragnar Kaasa
  11. «Undring», tekst Ragnar Kaasa
  12. «Gælisk salme», trad

Eksterne lenker