Oppreisten i 1541

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppreisten i 1541 var eit bondeopprør, der ein flokk bønder frå Valle og etter kvart andre bygder nedover i Setesdal drog til Nedenes og overfall fogden Peder Hansson. Han fekk 18 klubbeslag; eitt frå kvar av dei som var med. Dei skal etter dette ha blitt overmodige, og gav seg i veg vestover til lensherren Stig Skafsten Bagge på Eikeland i Kvinesdal for å ta han i same slengen. Men Bagge fekk kjennskap til flokken, samla folk og gjekk imot dei. I slagsmålet som følgde, mista ein av dølane livet. Fire andre vart tekne til fange, mellom dei leiaren. Minst to, kanskje alle fire, blei seinare avretta. Andre greidde å røme. Futen i Nedenes skal ha kome seg etter den harde medfarten.

I motsetnad til ein del andre historiar og vandresegner om liknande bondeopprør, er Valle-bøndene sin oppreist i 1541 tåleg godt dokumentert. Mellom anna skreiv lensherre Bagge ein rapport eller eit brev om opprøret kort tid etter hendinga.

Kjelder